Her er den tredje måten å løyse oppgåva på. For å få det til, måtte eg korte ned namna på prosjekta eller bruke understrek for å knyte fleire ord saman til eitt. Det er ikkje sikkert at namna no er dekkande, fagleg sett.
Svar på Per Ivar sine spørsmål til oppgåva:
- Denne løysinga kjem opp med same rekkefølgje kvar gong. Det same gjer løysing nr. 2. Løysing nr. 1 gir tilfeldig rekkefølgje.
- Eg har ikkje erfaring med talet på omgrep og talet på grupper, men det bør ikkje vere for mange omgrep per kategori. 5:1 går fint.
- I denne løysinga kan vi berre bruke tre kategoriar. Blir det meir enn 3 kategoriar, må vi bruke ei av dei to andre løysingane.
TS